NLF / Aktivitet / Hanggliding paragliding / Masters of the Strong Lift
Hanggliding / Paragliding
Hansen Elin Anita

Masters of the Strong Lift

Dato: 
Torsdag, 24. mai 2018 - 10:00 to Søndag, 27. mai 2018 - 18:00

Velkomen til vårens desidert vakraste eventyr; FAI-2 konkurransen Masters of the Strong Lift med utgangspunkt frå Strandafjellet på Sunnmøre:

https://www.facebook.com/events/1811395365828984/

Hovudtrekkplasteret for årets arrangement er verdas desidert beste konkurransepilot Michael Sigel. Han leiar akkurat no PWC konkurransen som pågår i Brasil og han vann tidlegare i år sjølvaste PWC Superfinalen. Michael skal sjølvsagt vere med å konkurrere, men han skal også vere med i oppgåvekomiteèn og sette oppgåver. I tillegg vil han halde foredrag om si karriere som Gin Gliders Inc. utvikler og testpilot, konkurranseflyging og generell distanseflyging. Det betyr at den som scorar i denne konkurransen vil få ekstra verdi for poenga sine.

Strandafjellet har gondolbane heilt opp til starten på 1000 m ASL og kjempefine fasilititetar med kafe og toaletter på start. Endå viktigare så har denne starten eit stort og uutforska potensiale for gode turar med paraglider og vi har eit nært samarbeid med både Strandafjellet og Stranda Hotel som har gitt oss moglegheita til å gjennomføre det vi meiner er eit arrangement i verdsklasse.

Våre Masters arrangement har som målsetnad å bidra til å auke interessa for paragliding som idrett, og spesifikt XC/distanse som grein. Vår ambisjon er at arrangementa våre skal ha like mykje interesse og verdi for ein som har nett vorte PP2 som for den durkdrevne PP5 og konkurransepiloten.

Meir informasjon og moglegheiter til påmelding blir å finne på våre nettsider www.teamxc.no i dagane som kjem framover. Vi kjem også til å publisere program og detaljer i dette arrangementet så husk å trykke enten Skal eller Interessert slik at du får alle varsla.

NB! Mandagen er reservedag